Gratulerer Heidi og Herwin!

Vi vil Gratulere Heidi og Herwin med gjennomført studie KOMPASS!

Kunnskapsdepartementet har tildelt midlar til Fylkesmannen i Rogaland for å setje i gang kompetansehevingstiltak retta mot assistentar i barnehagane. Universitetet i Stavanger og Høgskolen Stord/Haugesund har ansvaret for innhald og gjennomføring av studiet.

Tilbodet går ut til assistentar i barnehagane i Rogaland fylke, og kvart kurs har plass til 30 deltakarar/studentar. Kurset er fullfinansiert med midlar frå Kunnskapsdepartementet og målgruppa er assistentar i barnehagen.

Kort om studiet

Kurset er eit læringsprogram med vekt på erfaringsbasert læring og arbeidsplassen som læringsarena. Målet er å gi assistentar bevisstheit om eigne ressursar og eigen rolle i barnehagen. Kurset skal også gi barnehagefagleg kompetanse og fremje utvikling av barnehagen til eit betre tilbod for alle barn og foreldre.

Studiet går over to semester og har ulike arbeidsoppgåver. Alle samlingane vert halde på UiS og HSH i Haugesund.

 

Bente og Mariola har gjennomført tilsvarende kurs tidligere.